Forkonferanse om samiske kulturminner


Samiske kulturminne, Langfjellaseminaret – 28. og 29. august, Geiterygghytta i Hol

 

Onsdag 28.8:

18.00-19.30: Oppstart med middag  

19.30-21.00: Velkomst ved Norsk Villreinsenter Skinnarbu. Leiar Marianne Singsaas vil orientere og prosjektmedarbeidar Kjell Bitustøyl vil fortelje om arbeidet med historia knytt til tamreindrifta. Til slutt får ei me orientering ved hyttestyrar ved Geiterygghytta Jan Eira. 

 

Torsdag 29.8:

07.30-08.00: Frukost

08.30-10.30: Innlegg om samiske kulturminne ved fire arkeologar:

a) Dag Lantz frå Sametinget. Han har tilhald på Saemien Sijte på Snåsa. Han skal snakke om Sametingets kulturminneforvalting og dei største utfordringane for denne forvaltinga spesielt retta mot områda i sør.

b) Jostein Bergstøl frå Kulturhistorisk Institutt i Oslo. Han skal ta for seg problematikk knytt til samar i sør: Østerdalen, Aursjøen og Valdres. Eks: Korleis kan ein seie om ei busetting er samisk eller norsk?

c) Mattis Danielsen frå Rørosmuseet. Han skal snakke om eit pågåande prosjekt i Skardsfjella ved Røros, og litt om særskilt leitemetodikk i høve til samiske kulturminne.

d) Amund Steinbakken, for tida tilsett i Hedmark Fylkeskommune, avd. for kultur, bibliotek og kompetanse. Han skal snakke om arbeidet sitt med registrering av samiske kulturminne i Forollhogna nasjonalpark, og i tillegg trekke nokre linjer til samiske kulturminne i Varanger i Finnmark.


11.00: Ut i felten. Me stoppar ved fleire gammetufter som inngår i Hege S. Gjerde sitt forskingsprosjekt om moglege samiske tufter i Hallingdal, fyrste stopp Urdvassbotn, vidare til Byrkjedalen og - viss tid, alternativt andre interessante plassar. 

Ca. 18.00: Middag på Geilo. Etter det ein stopp ved Lappesteinen ved Fagerheim og eventuelt samegammene ved Riksveg 7.

Ca. 20.00: Inn til Krækkjahytta dels til fots, dels med båt? Sjå nettsida www.langfjellaseminaret.no for vidare program for fredag og laurdag.

 

Påmelding:

Norsk Villreinsenter Skinnarbu ved Kjell Bitustøyl

Epost: kjellbitu@me.com /  tlf: 46 44 30 31  Tlf. Marianne Singsaas: 99 46 37 64

Forkonferansen er gratis (NB! Talet på plassar er sterkt begrensa). Overnatting: Me førebur Geiterygghytta på at der kjem eit inntrykk, men rom må de bestille sjølve på førehand
på tlf.  99 15 70 77.


Lappesteinen


Lappesteinen ved Fagerheim, foto: Kjell Bitustøyl.